Kokepunktet

Historisk matvandring i Pedersgata og Stavanger øst

I samband med byjubileet Stavanger 2025, inviterer Gladmat til ei historisk vandring gjennom Pedersgata 27. april 2023 kl. 16:30. Det vert smakebitar frå fire hundreår. Kvelden vert avslutta med ein samtale om Matregionen Rogaland på Ostehuset.

Start: Nytorget, år 1125
Stavanger var allereie i 1125 ein sjømatby, og me starter kveldens matoppleving med østers. Hege Ingjerd Hollund frå Arkeologisk museum fortel om bruken av fisk og sjømat i Stavanger i mellomalderen, mellom anna om funn av store mengdar skjell og fiskebein i ulike utgravingar i Stavanger sentrum.

Stopp 2: K2, år 1860
Pedersgata var ei travel matgate allereie på 1800-talet. På eit tidspunkt var det matbutikk i kvart fjerde hus her. Sven Egil Omdal fortel om Pedersgata sin plass i mathistoria til Stavanger. K2 serverer nær mat og fortel om matens veg frå bonden til byen i dag.

Stopp 3: Bellies/Samhold, år 1920
Kvartalet ved Bellies er midt i fabrikk-historia til Pedersgata. Restauranten ligg i den gamle hermetikk-fabrikken Union canning, og rett over gata ligg gamle Samhold (i dag Sollund elektro).

Me er komne fram til år 1920: Bellies fortel om nabolaget sitt før og no, og serverer tidsriktig hermetikk.

Stopp 4: Ostehuset, år 2000 og framover
I 1999 vart Gladmatfestivalen arrangert for første gong. Same år opna Ostehuset sin første butikk. I 2002 kom kokeboka Et på kjøkkenet i Rogaland, ei innsamling av gamle rogalandsoppskrifter og -mattradisjonar.

Kva kan me seie om Matregionen Rogaland, tjuefem år etter den første Gladmat-festivalen? Kva slags bølger og trendar har gått gjennom matmiljøet dei siste tjue åra, og er me no inne i eit nytt oppsving for det nære og tradisjonsrike? Korleis stod det til med kunnskapen om, og interessen for, mattradisjonar rundt år 2000? Kva har skjedd sidan då – og kor går vegen vidare?

Med: Målfrid Snørteland (Jærmuseet, medforfattar av Et på kjøkkenet i Rogaland), Øystein Ohna Lunde (Bellies), Sven Are Ek (ByAuk). Ordstyrar: Marit Størseth

Stavanger 2025 og Gladmat

Gladmat i Pedersgata er ein del av Pedersgata 2025, eitt av tre satsingsområde i 900-årsjubileet saman med Domkirken og Ullandhaug.

Fram mot jubileumsåret skal Pedersgata fyllast med matopplevingar og historieforteljing, og med samtalar om korleis me skal utvikla byen og bruka matressursane våre i framtida. Både under Gladmatfestivalen og resten av året.

Stavangerhistoria kan forteljast frå Pedersgata: her bygde ein seglskuter og her skaut det opp hermetikkfabrikkar. No er Pedersgata og Nytorget er i endring, og med det kjem spørsmåla om korleis ein skaper gode nabolag og ein by som er god å leva i for framtida. Det same gjeld forholdet vårt til naturressursane som Stavanger har levd av – korleis skal oljebyen forvalta energi- og matressursar framover?

Gladmat i Pedersgata skal visa fram restaurantar, lokalmatprodusentar og måltidsnæringa i heile regionen. Med utvida kommunegrenser har Stavanger plutseleg vorte størst på tomatar, verpehøns og sau. Rogaland er Noregs matfylke, og landbruk og havbruk er næringar me skal leva av i framtida. Me er stolte av dei dyktige kokkane og fagfolka me har, og av restaurantane – i Pedersgata har me alt frå Michelin-stjerne til micro-kaffebar, og vegansk fine-dining. Finst det ein kjekkare måte å feira bursdag på enn å samlast over god mat?

Gladmat året rundt:

Speed-date mellom produsenter og kokker

Rekruttering:

Lærlingsamlinger

K2 fikk Gladmatstipend:

Les hvorfor her