Sider, song og ein smak av Hjelmeland
Me inviterer til ein velsmakande fest der lokal mat og sider står i sentrum, kombinert med god underhaldning i flotte rammer. 🧡 Kvelden blir runda av med konsert med Hilde Selvikvåg i Spinneriet etter middagen. Med varme låtar, gode historiar og den nære formidlinga si, ligg alt til rette for ei skikkeleg fin avslutning på kvelden.
Litt om kva som ventar gjennom kvelden
Kl. 17:30 får du omvisning og noko godt i glaset hos Apal Sideri og OmCider. Hos OmCider blir det servert ost frå Ryfylke gardsysteri og Timmermann’s Bakeri. Hos Apal Sideri får du kveite frå Sterling Halibut. Så går turen vidare til Spinneriet, der du får laks frå Mowi og Mikals Laks, kveite frå Sterling Halibut, Førre angus og noko søtt frå Ryfylke bakeri & konditori. Smaken av Ryfylke er på plass for å laga mykje god mat frå lokale produsentar. Det blir fargerikt og smaksfullt med gode råvarer. Kvelden blir runda av med konsert med Hilde Selvikvåg i Spinneriet etter middagen. Med varme låtar, gode historiar og den nære formidlinga si, ligg alt til rette for ei skikkeleg fin avslutning på kvelden. Éi gruppe startar med omvisning hos Apal Sideri, den andre hos OmCider. Så byter me plass. Det blir busstransport undervegs, og dette er inkludert i prisen.

