Haustmarknad
Velkommen til Haustmarknad for 38 gong på Sand i Suldal!
Laurdag 3. oktober kl 10-16 opnar me dørene på Autgro Møgedal i Bergekrossen for ein tradisjonsrik marknad med 70 utstillerar fylt med god handel, hyggeleg drøs og god mat frå produsentar, bonden og salgsstand frå heile Ryfylke. I tillegg kan du oppleve konsert med Inger Lise Hope, møte stand med treskurd og handarbeid, kose deg med aktivitetar og underhaldning for heile familien.
Suldal Sau og Geit kårar årets vèrlam for neste års avling og det blir spennande auksjon,
9. klasse på Sand skule serverer nydeleg grillmat på vegne av Suldal Sau og Geit og Sand bygdekvinnelag diskar opp med kaffimat.
Saman med resten av handelsstanden på Sand og våre gode samarbeidspartnarar gler me oss til ein marknadsdag som samlar både lokalbefolkning og tilreisande til ein triveleg møteplass.
Velkommen skal du vere!
PROGRAM
- 10.00 Haustmarknaden opnar med ei mengde utstillarar
- 11.00 Sand Musikkorps speler
11.30 Besøk av Bjørnis og Haugaland Brann og Redning
11.00-13.00 Mjølkekonkurranse for barn under 12 år
12.00 Konsert med Inger Lise Hope
13.30 Auksjon
15.00 Suldal Sau og Geit fortel om kåringa av vèrlam
15.30 Trekking av premiar på konkurransar og inngangsbillett

